Ausevikfeltet

Det landskjende Helleristningsfeltet i Ausevika, med over 300 helleristningar, ligg i nærleiken av gjestehamna og er så absolutt verdt eit besøk. Held ein fram mot Stavang frå Eikefjord kjem ein til Ausevika, ein halv times køyring frå Florø, og her ligg eit av dei største helleristningsfelta i Noreg.

Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nœrare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streifområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar.

I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst.

Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet.

Meir informasjon:

Ausevik - Vestnorsk Bergkunstsenter

Brosjyre Ausevika