Stavang turistkontor
Gamlebua-prosjektet er no inne i ein veldig spanande fase i si nyare historie: Planane ligg klare for at vi kan starte med ei restaurering av den erverdige sjøbua i Stavang sentrum f.o.m. hausten 2012!
Om litt byggjer vi platning på sørsida av bua der vi skal ha ståande eit paviljongtelt samt bord og stolar med servering av vaflar og kaffi.
Stavang turistkontor har ei lita butikksamling med utstilte ting frå den gong det var butikk i Gamlebua på kaia i Stavang. Her får du informasjon om Stavang, slik som det flotte løypearket til Nordsjøløypa i Stavang,
postkort med motiv frå Stavang, keramikk frå Ingøy og mykje meir.
Opningstider
Turistkontoret i Stavang blir stengt medan vi byggjer platning, men vi tek sikte på å opne dørene igjen i løpet av mai månad.
Du kan også besøke Stavang turistkontor på Facebook.
Historiske bilete
|