Skysstasjonane i Sunnfjord

Heilt frå 1100-talet måtte bønder og kystfolk stille opp som gratis rorskarar eller kuskar for embetsmenn, adel og geistlege når dei var ute på reise kringom i kongeriket.

Skyssplikta galdt også familiemedlemmer til den same overklassen. Antan det var slåttonn eller sesong for sildefiske, så måtte folk sleppe det dei hadde i hendene og stille opp som skyssmannskap. I 1648 vart skyssplikta fast organisert ved skiping av skysstasjonar langs kysten og fjordane, og langs dei viktigaste ferdsleårene innanlands.

På skysstasjonen hadde skysskaffaren til oppgåve å kalle inn mannskap til teneste når øvrigheita kravde det.

Då Den trondhjemske Postvei vart bygd i 1785, vart skysstasjonen i Førde plassert på garden Hafstad, der sentrum sør ligg i dag. På Hafstad var det også «korrespondanse» med ei rodd skyssrute vestover Førdefjorden til skysskifta i Naustdal, Tingneset i Vevring, og vidare vestover til kysten, der dei næraste skysstasjonane låg i Sauesund ved Askvoll, i Hellevik ved Stavang og i Furesundet ved Florø.

Hellevika - Gjestgjevarstaden ved Stongasundet

Hellevik låg gunstig plassert i høve til båttrafikken frå Førdefjorden og nordover mot Florø. Her var det smulare farvatn enn lengre ute. Folk som kom sørfrå rodde forbi Stavang og gjekk vidare nordover til Hellevika like ved Stongasundet, mellom fastlandet og Stavøya. Når ein skulle vidare så kunne ein så segle langs nordaustsida av Stavøya via Ålvårsundet over Solheimsfjorden og vestover til neste skysstasjon i nord, Furesundet, som også var gjestgjevarstad. Hellevika låg gunstig til i det store kyrkjesoknet Svanøy (Bru). Den gongen kyrkja låg på Svanøy, måtte folk reise heilt frå gardane lengst inne i Nordalsfjorden, Eikefjorden og Høydalsfjorden. Dei fleste måtte då ro igjennom Stongasundet på veg til og frå kyrkja. På 1700-talet vart Hellevika tingstad, til liks med mange andre gjestgjevarstader i distriktet.

Kjeldene nemner Albert (Albrigt) Pederson og kona Abigel Kristiansdotter som dei fyrste gjestgjevararane i Hellevika. I 1682 står dei i skattelistene som krohaldarar, men tente så lite at dei ikkje vart kravde skatt. På denne tida var Hellevik eigd av kommissær Valchor Riisbech i Bergen. I 1712 kjøpte Antoni Helmer staden og fekk Albert Pederson til å seia ifrå seg bygsleretten mot at han skulle få sleppe å betale husbot. Då Helmer kom til Sunnfjord i 1711 var husa i Hellevik så dårleg vedlikehaldne at dei var mest utan tak. Helmer dreiv ein del handel ved sida av gjestgiveriet. I 1714 er Maria Helmer enkje og gifter seg opp att med Holger J. Gedding. Han overtok då som handelsmann og gjestgjevar.

I 1732 hadde danske Christopher Nibe overteke som gjestgjevar i Hellevik. Han hadde fått handelsbrev på sal av tobakk, øl og brennevin. I følgje kjeldene skulle allmugen vera svært nøgde med måten Nibe dreiv handelen og gjestgjevarstaden i Hellevik. Han vart ofte brukt som sakførar av folket i distriktet. Nibe var i fyrste ekteskapet gift med Wibeke Martens, og det var sonen hennar, Ludvig Martens, som i 1750 overtok som eigar av Hellevik.

Ludvig Martens døydde i 1784 og to år etter fekk sonen, Christopher L. Martens, gjestgjevarløyve i Hellevika. I 1788 fekk han også kongebrev med skjenkeløyve. Den 23. juni 1799 skal fleire av husa i Hellevika ha brunne og Christopher L. Martens omkom i brannen. I folketeljinga frå 1801 står enkja Margrethe P. Martens som gjestgjevar. Ho har to born, Ludvig på 10 år og Gierke på fire, og to tenarar.

Margrethe skal ha drive som gjestgjevar fram til 1825, då overtok sonen Ludvig. Han utvida handelsverksemda i Hellevika. I folketeljinga frå 1865 er Ludvig Martens kårmann i Hellevik, medan sonen Christopher står som gardbrukar. Grunnen til det kan vera at det gjekk attende med både handelen og gjestgjevarstaden. I 1891 selde Christopher Martens Hellevika til John Hansson Snilstveit. Fram til då hadde gjestgjevarstaden vore i same familie sidan 1732.

Bygningane
Opphavleg skal det ha vore om lag ti bygningar i Hellevik. Våningshuset, som vart rive på 1980-talet, var ein stor bygning i to etasjar med fasade mot sjøen. Bygningen hadde vorte påbygd i fleire etappar, den eldste delen vart truleg bygd etter brannen i 1799. Her var det eit futerom og eit skrivarrom. Like nord for våningshuset låg borgstova og eit stabbur. Borgstova inneheldt også ei skjenkestove og var opphavleg i to etasjar, men vart seinare gjort om til ein etasje. Tunet bestod også av eit eldhus, eit grishus, eit kvernhus, eit fjøs med løe og ei sjøbu. Nede ved sjøen låg eit naust og eit nothus. I 1980 kunne ein framleis sjå restar av grunnmurane etter ei lita løe og eit grindbygd sjøhus. Rett attmed skjenkestova stod i sin tid ei tingstove. I tillegg veit me at det har stått eit moldhus og ein gradflor her.

A: Våningshuset
B: Skjenkestova
C: Kvernhuset
D: Eldhuset
E: Grisehuset
F: Naustet
G: Driftsbygningen
H: Nothuset
I: Sjøbua
J: Stabburet