Kyrkja i Stavang

Både kyrkja og kyrkjestaden i Stavang er ung, men kyrkja i Bru sokn har tradisjonar tilbake til mellomalderen. Frå mellomalderen og heilt fram til 1872 stod sokne-
kyrkja på Svanøy, men ho var i dårleg stand, og trong vøling. Då det på 1860-talet vart aktuelt å dele Kinn prestegjeld og kjøpe prestegard i Stavang, gjekk soknestyret inn for å byggje både ny kyrkje og prestegard for Bru på fastlandet, og rive gamlekyrkja på Svanøy.

Den nye kyrkjestaden var eit lite høgdedrag rett opp frå kaia i Stavang. Det skal ha stått kyrkje i Stavang også i mellomalderen, på 1400-talet, men ein veit ikkje sikkert at det var på same staden som dagens kyrkje. Stavang og Bru var då ulike sokn. Kyrkja i Stavang må ha vore nedlagd før.

Den nye kyrkja

Alt fem dagar etter brannen valde soknerådet på eit omframt møte ei byggjenemnd, med residerande kapellan Einar Tuvin som leiar. Dei fekk fram nye kyrkjeteikningar alt i 1952-1953, og Tuvin heldt seinare kyrkjelyden orientert om kyrkjesaka gjennom stadige rapportar i Kinn kyrkjelydsblad.

Den nye kyrkja i Stavang blei teikna av Ole Halvorsen frå Bergen. Kyrkja er ei av tre i teglstein her i fylket. Ho er pussa og kvitmåla utvendig og innvendig. Kyrkja blei vigsla i juni 1957 og hamna i Stavang var overfylt med båtar. 1500 menneske hadde møtt opp til den store dagen. Kyrkja rommar 300 sitteplassar så dei fleste måtte nøye seg med å fylgje preika gjennom høgtalaranlegget ute.

Kunst og inventar

Alt inventaret er frå 1957, deriblant ny altertavle, eit flott glasmåleri av Egill Rognaldsen. Også gamlekyrkja på Svanøy hadde fine glasmåleri, som det såleis er lange tradisjonar for i gamle Bru sokn. Den fargerike mosaikken i preikestolen og døypefonten samsvarar godt med rommet og interiøret elles.

Der er to sakristi, eitt for presten og eitt for dåpsborna. Trappa til preikestolen går direkte frå sakristiet, slik at kyrkjelyden får ekstra godt innsyn til koret. Orgelet er sett inne i tårnet, og organisten plassert på sørsida av galleriet med eit glas i ryggen. Då har organisten både godt lys bakfrå, og godt utsyn mot kyrkjerommet.

Altertavla er eit fargerikt glasmåleri i austveggen, laga av Egill Rognaldsen. Motivet er Kristi himmelferd, og Kristus lyfter hendene til velsigning over dei 11 apostlane. Hender og føter er naglemerkte.

På alteret står to lysestakar i sølv frå 1957. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1873, og ei udatert brødøskje. Disken har innskrifta "Fra sognepresten", medan brødøskja har innskrifta "Fach Gedding B. Mechlenburg". Både preikestolen og døypefonten er i tre med innfelt mosaikk av Ellen Hernæs, begge frå 1957. Mosaikken på preikestolen har motiva "Maria med Jesusbarnet" og påskehendinga. På døypefonten er motiva "Den sigrande Kristus", dua er symbol for Den Heilage Ande, og ei kvinne som held fram barnet sitt. Dåpsfatet og dåpsmuggen er frå 1961.

Orgelet frå 1957 har fem stemmer. Kyrkjeklokkene er frå 1952.

Ei altertavle frå 1899, står i kyrkjelydssalen og er eit måleri på lerret av Joh. Christensen, etter H. Hofmann. Motivet er Jesu oppstode. Måleriet var altertavle i den førre kyrkja i Stavang, og vart berga ut ved brannen i 1951.